10-12 aktører vil delta i havvindeventyret utenfor Utsira

Skrevet .
Del saken og skap bevegelse

Gunnar Birkeland, styreleiar i Norwegian Offshore Wind Cluster kjenner til at 10–12 norske aktørar ønsker å delta i søknadsprosessen knytt til havvindutbygging i løpet av våren.

Dette skjer i samband med at områda Utsira Nord og Sørlige Nordsjø II blir opna for konsesjonsbehandling frå 1. januar. Dette er eit høgare tal enn Birkeland hadde sett føre seg.

Han er lei seg for at  rettleiaren for søknadsprosessen ikkje kom tidlegare, men er veldig glade for at han kjem.

-Me opplever at departementet har veldig god fart, og at dei tar innover seg innspel, seier han til E24.no

Birkeland synest det er særleg viktig at Noreg skal halda på ei leiande rolle innan den ferske teknologien for flytande havvindturbinar, sidan den botnfaste havvinden allereie er dominert av aktørar frå andre land.

– Det er ekstremt viktig at ein følgjer planen. Med utlysing i januar vil ein tidlegast få bygging i 2025. Då er truleg Sør-Korea og kanskje også Skottland før oss, seier Birkeland, som også ser på Spania og Frankrike som sterke konkurrentar.

 

Medan nokon reknar på kor mange milliardar norsk industri potensielt kan tena på eit havvind-eventyr, har forskarar ved Havforskningsinstituttet laga ein rapport om kva innverknad havvindutbyggingar har på havmiljøet. De Jong er hovudforfattaren av rapporten som er ei samanfatting av eksisterande kunnskap på feltet.

– Det mest bekymringsverdige er at me har så lite kunnskap om kva som kjem til å skje, seier havforskar Karen de Jong.

Havvind er ei næring som er venta å veksa kraftig som følgje av den auka etterspørselen etter fornybar energi. Innan 2050 ser ein føre seg at havvind skal gje ti gongar meir energi globalt enn i dag, ifølgje ein rapport frå Thema Consulting.

Birkeland peiker på at det skal bli oppretta eit forskingssenter for miljøvenleg energi som skal bidra til å tetta kunnskapshola

 

  • Vi vil tidligst få utbygging i 2025, tror Gunnar Birkeland