Fleire under 30 i jobb

30.09.2016
Færre ledige ungdomshender. Det er eit positivt trekk ved arbeidsløysetala for september.
Justert for sesongvariasjonar* viser utviklinga dei to siste månadane ein reduksjon i arbeidsløysa på 3 prosent i Rogaland. Men- ein del av nedgangen i arbeidsløysa skuldast at fleire får arbeidsretta tiltak gjennom NAV.

– I Rogaland har tiltaksbruken auka mykje den siste tida og i september var 1 981 personar i eit arbeidsretta tiltak. Sjølv om me ser ein reduksjon blant dei heilt utan arbeid held bruttoarbeidsløysa seg på eit relativt stabilt nivå, seier Truls Nordahl, direktør i NAV Rogaland.

Det er framleis høgst arbeidsløyse innan yrkesgruppene ingeniør- og ikt-fag, industri og bygg- og anlegg.

Om lag halvparten av dei heilt utan arbeid har vore arbeidssøkarar i 26 veker eller meir.


Blant unge under 30 år er det ein nedgang i arbeidsløysa samanlikna med for eitt år sidan.
– Dette kan tyde på at fleire unge har valt utdanning eller er i arbeid, fortel Nordahl.


Variasjonane i arbeidsløysa er store blant kommunane i Rogaland. Sandnes har høgast arbeidsløyse med 5,3 prosent. Eigersund og Sola har ei arbeidsløyse på 5,2 og 5,1 prosent. Kommunen med lågast arbeidsløyse er Suldal med 0,9 prosent av arbeidsstyrka.

For Haugesund viser tala status quo på rundt 4,7 prosent. Karmøy har 3,6, Vindafjord 3,3, Tysvær 1,8 og Sauda 2,0.

I september vart det lyst ut 1 422 stillingar i Rogaland, ei auke på 39 prosent samanlikna med september i fjor. Fordelt på yrkesgrupper var det flest ledige stillingar innan bygg- og anlegg (355) og helse, pleie og omsorg (262).

 
Vil du motta nyhetsbrev og invitasjoner?
Arrow

Hovedsamarbeidspartnere

SPV
Karmsund havn
Vassbakk & stol
Haugesund sparebank
Haugaland Kraft
Gassco
Dnb
Hatteland
A. Utvik
Sparebank 1 SR-bank
Hydro
Eurojuris Haugesund