Folkeaksjer til restaureringsarbeid

19.05.2015
Saudabuen stiller opp og kjøper aksjer i restaureringsobjektet Sauda Folkets Hus
Medan restaureringa og det fysiske arbeidet med å utvikla det over åtti år gamle Folkets Hus til Sauda si nye kulturelle storstove går sin gang, har det blitt jobba med å etablera eit ideelt aksjeselskap som skal stå som eigar av Folkets Hus. Fredag, for drygt ei veke sidan blei Sauda Folkets Hus AS skipa. Sivert Sørnes blei valt til styreleiar medan Kjell Steinar Andersen, Karl Erik Handeland, Roy Ove Kvernenes og Alan G. Thompson utgjer resten av styret i det nysstifta selskapet, skriv lokalavisa Ryfylke.

Under stiftingsmøtet 8. mai blei det teikna 3 523 såkalla folkeaksjar, alle med ein verdi på tusen kroner. Sauda kommune og Sparebankstiftelsen Sauda gjekk inn med høvesvis 2 millionar og 1,25 millionar kroner kvar, medan Sauda Fabrikkarbeiderforening kjøpte aksjar for 200 000 kroner. Det har seg nemleg slik at Sauda Fabrikkarbeiderforening og/eller Folkets Hus Landsforbund må vera aksjonærar om bygget, som blei reist i 1931, skal få behalda namnet ”Folkets Hus”.

Som eit ledd i prosessen med å finansiera restaureringa av Folkets Hus har det også blitt opna opp for at private kan kjøpa seg inn i prosjektet. Til nå har det blitt teikna 176 folkeaksjar. Medrekna investeringane til Sauda kommune, Sparebankstiftelsen Sauda og Sauda Fabrikkarbeiderforening er det til nå teikna 3 646 aksjar til ein verdi av 3,646 millionar kroner
Vil du motta nyhetsbrev og invitasjoner?
Arrow

Hovedsamarbeidspartnere

SPV
Karmsund havn
Vassbakk & stol
Haugesund sparebank
Haugaland Kraft
Gassco
Dnb
Hatteland
A. Utvik
Sparebank 1 SR-bank
Hydro
Eurojuris Haugesund