Fra dødsdømt til verdens beste

05.08.2015
Dødsdømte Boliden Odda AS er kåret til verdens mest produktive sinkverk!
Dei siste fem åra har vore utruleg vanskelege, men i dag er det ein anna lyd i fløyta og konsernet er glade for at dei valde å satsa i Odda, seier Dag Berg, administrerande direktør til bt.no.

Basert på tal frå den globale konsulentgruppa Wood Mackenzie, er sinkverket no den bedrifta som produserer flest tonn per tilsett. Gruppa gjer årlege vurderingar av konkurransesituasjonen innan energi, metall og gruvedrift i verda.

Det tidlegare dødsdømte sinkverket Boliden Odda AS går no mot det beste driftsresultatet nokon sinne. Dollarkursen har vore bra og er ein vesentleg bidragsytar til det positive resultatet. I fjor hadde Odda-selskapet eit driftsresultat på pluss 107 millionar kroner. Administrerande direktør spår at denne rekorden vil bli slått i år med tanke på den høge produksjonen og stabile prisar.

- Då konsernsjefen presenterte halvårsresultata for heile Boliden konsernet så sa han at Odda bidrog sterkt til det gode resultatet. I 2011 var situasjonen heilt annleis. Det var ein vanskeleg periode med høge kostnadar og ustabil drift. Produksjonen ligg litt bak budsjett, men det er òg den høgste vi har hatt nokon sinne, seier Dag Berg.

Selskapet er no i full gang med dei nye investeringane som skal auke produksjonen frå 170.000 tonn til 200.000 tonn til 2017. Prosjektet medfører ein bemanningsauke på 20 årsverk. Dei siste åra har talet på tilsette blitt redusert frå 360 til 291.

Les meir her:

http://www.bt.no/nyheter/okonomi/Verdas-mest-produktive-sinkverk-3411163.html
Vil du motta nyhetsbrev og invitasjoner?
Arrow

Hovedsamarbeidspartnere

SPV
Karmsund havn
Vassbakk & stol
Haugesund sparebank
Haugaland Kraft
Gassco
Dnb
Hatteland
A. Utvik
Sparebank 1 SR-bank
Hydro
Eurojuris Haugesund