Havbrukspengar til kommunane?

10.12.2014
Fleirtalet i kommunalkomitéen på Stortinget opnar for at havbruksnæringa skal betale ei årleg avgift til heimkommunane.
Kommunalkomitéen kom med ein merknad til statsbudsjettet for 2015.

I merknaden peiker altså fleirtalet i komitéen på at kommunane bør ha ein årleg del av verdiskapinga frå havbruksnæringa, melder Nettverk for fjord og kystkommunar (NFKK) i ei pressemelding

Kvart år

I juni fortalde Bømlo-nytt om ei ny forskrift som var ute på høyring. Her vart det lagt opp til at oppdrettarar kunne auke kapasiteten i konsesjonane med fem prosent.

For dette måtte oppdrettarane betale 1,5 millionar kroner pr. konsesjon, og oppfylle strenge krav til mengd lakselus i merdane. Norges jeger- og fiskeforbund meiner kravet til redusert mengd lus er urealistisk å oppnå.

Ifølgje høyringsforslaget skal halvparten av pengane som kjem inn gå attende til kommunane der konsesjonane vart gitt. For Bømlo sin del kunne ei slik ordning potensielt gje kommunen inntil ti millionar kroner i friske midlar.

Frå Nærings- og fiskeridepartementet fekk Bømlo-nytt i dag, tysdag, opplyst at høyringa er avslutta og saka er til handsaming i departementet.

Skulle ordninga bli innført, ville denne likevel berre gje kommunen ei eingongsutbetaling. No kan det i tillegg bli snakk om ei årleg inntekt til kommunane.

Melding til våren

Til våren kjem det ei ny havbruksmelding. Etter merknaden frå kommunalkomitéen denne månaden har NFKK håp om det i havbruksmeldinga kjem eit konkret forslag til arealavgift.

Ei avgift som vil gje kommunane langs kysten årlege inntekter frå havbruksnæringa. «Fleirtalet i komitéen gjev uttrykk for at det er positivt at regjeringa har starta arbeidet med å la kommunane få ein større del av konsesjonsavgifta.

Men det hjelper fyrst og fremst dei kommunane som tildeler nye areal. Kommunar som har vore positive til oppdrett over mange år, og dermed disponert masse areal, nyt ikkje godt av den ordninga», heiter det i pressemeldinga.

Les meir her:

http://www.bomlo-nytt.no/index.cfm?event=doLink&famID=428061
Vil du motta nyhetsbrev og invitasjoner?
Arrow

Hovedsamarbeidspartnere

SPV
Karmsund havn
Vassbakk & stol
Haugesund sparebank
Haugaland Kraft
Gassco
Dnb
Hatteland
A. Utvik
Sparebank 1 SR-bank
Hydro
Eurojuris Haugesund