Konkurrenten klaget


Konkurrenten Vassbakk & Stol klaga på tildelinga.

– Entreprenøren ba om ei såkalla forføyning og har peikt på ein formell feil i prekvalifiseringa. Statens vegvesen har vurdert påstandane i klagesaka og er komne til at det er grunnlag for å avvisa tilbodet til Risa i prekvalifiseringa. Difor har Statens vegvesen valt å avvise tilbodet frå Risa, forklarer prosjektleiar Einar Færaas i Statens vegvesen i meldinga.

– Statens vegvesen står igjen med eit tilbod. Tilbodet frå Vassbakk & Stol er vesentleg høgare enn det vi har budsjett til. Det er rett og slett ikkje nok pengar til å gå i gang, seier Færaas.

Lyses ut på nytt


Statens vegvesen avlyser konkurransen og startar arbeidet med å lyse ut prosjektet på nytt i nær framtid.

Strekninga det er snakk om går frå Opelkrysset (Haukelivegen) og 1300 meter mot sentrum, til Storasundgata. Oppdraget var å utvide Karmsundgata mellom Storasundgata og Opelkrysset i Haugesund frå to til fire felt. Tre gangbruer, undergang, nye lys, støyskjermar med meir er også oppgåver som ligg i kontrakten.

I tillegg kjem fortau med sykkelveg på begge sider av gata, og tre bruer for dei som går og syklar. I kontrakten ligg også 760 meter med støyskjermar og nye busshaldeplassar.

Prosjektet er ein del av Haugalandspakken. Planen var at prosjektet skulle være ferdig i sommaren 2021. Arbeidet var opprinneleg planlagt å starte våren 2019.