Kruse Smith i pole position

26.09.2013
Ligg svært godt an til å få kontrakten på bygging av E134-parsellen i Åkrafjorden.


Då fristen gjekk ut for å koma med anbod på den store vegkontrakten i Etne kommune, hadde tre entreprenørar meldt seg på å konkurransen. Kruse Smith var klart billigast.

— Pris er viktigast i denne samanheng, og det er stor sjanse for at Kruse Smith får oppdraget, seier prosjektleiar Rolf Harkestad i Statens vegvesen til Grannar.

Kruse Smith har gitt inn eit pristilbod på vel 340 millionar kroner. Sveitsiske Implenia sitt anbod var på i underkant av 373 millionar, medan den tredje interesserte, Vassbakk & Stol på Karmøy, var dyrast med vel 437 millionar. Det gir ein skilnad mellom dyrast og billigast på 97 millionar.

Prosjektleiaren seier at dette er ein pris som forventa, og at han ikkje hadde rekna med at fleire skulle melda seg i eit så stort og krevjande anbod som ein totalentreprise er.

— Det er ein del formalitetar me skal gjennom før kontrakten blir signert. Me har gode erfaringar med Kruse Smith frå Jondalstunnelen og andre store oppdrag, og trur dette skal bli ei god løysing. Det gjeld også dei andre entreprenørane, seier Harkestad.

Les meir her: http://grannar.no/2013/09/kruse-smith-billigast/

Vil du motta nyhetsbrev og invitasjoner?
Arrow

Hovedsamarbeidspartnere

SPV
Karmsund havn
Vassbakk & stol
Haugesund sparebank
Haugaland Kraft
Gassco
Dnb
Hatteland
A. Utvik
Sparebank 1 SR-bank
Hydro
Eurojuris Haugesund