Langar ut mot Bergen

15.04.2015
Sunnhordland orienterer seg meir og meir mot Stavanger. Bergen er i ferd med å mista statusen som hovudstad på Vestlandet, meiner redaktøren i "Sunnhordland"
Kommune- og fylkesgrenser, høgare utdanning og nye politigrenser er for tida i spel. Høgskulen Stord/Haugesund (HSH) har tidleg flagga at dei heller vil slå seg saman med Universitetet i Stavanger (UiS) enn utdanningsinstitusjonane i Bergen.

Tilfeldig? Neppe, skriv ansvarleg redaktør Magne Kydland i eit innlegg i Bergens Tidende.

Bergensarane har gjennom fleire år vist at dei er seg sjølv nok og treng ikkje sunnhordlendingane med på laget. Difor vil HSH utvikla seg betre og få høgare status i lag med UiS, enn med UiB eller HiB. Styret og leiinga seier ikkje dette rett ut, men mellom linene er det ingen tvil om kva dei meiner. På eit styremøte i HSH for nokre veker sidan vart det vedteke ein intensjonsavtale om å fusjonera med UiS. HSH-rektor Liv Reidun Grimstvedt peikar på at fusjonen er eit rett steg i høve til å styrkja både utdanning og forsking i regionen. I januar sende Bergen kommune, Hordaland fylkeskommune og Stord kommune eit brev til HSH, der dei bad om at HSH heller starta fusjonssamtalar med HiB. Det kjem ikkje til å skje. Dermed endar vår lokale høgskule opp med ein fusjon sørover i staden for nordover, skriv Kydland.

Les heile innlegget her:

http://www.bt.no/meninger/kronikk/Bergen-har-seg-sjolv-a-takka-3339501.html
Vil du motta nyhetsbrev og invitasjoner?
Arrow

Hovedsamarbeidspartnere

SPV
Karmsund havn
Vassbakk & stol
Haugesund sparebank
Haugaland Kraft
Gassco
Dnb
Hatteland
A. Utvik
Sparebank 1 SR-bank
Hydro
Eurojuris Haugesund