Passe fornøyd i Sunnhordland

13.05.2020
-Med uttalelsane til statsminister, samferdselsminister og fleire andre representantar for regjeringspartia, burde det vera heilt sikkert at Hordfast-prosjektet kjem inn i første NTP-fase, seier Stord-ordførar Gaute Epland. (Foto: Stord24.no)
Hordfast er ikkje nemnt med et ord, men sunnhordlandspolitikarane er passe fornøyd likevel

Fylkespolitikarane landa på ein formulering som gjer politikarane i Sunnhordland passe nøgde.Diskusjonane haldt fram til siste slutt under det seks timars lange fylkestingsmøtet tysdag. Fylkespolitikarane i Vestland skulle endeleg vedta kva dei ønskjer prioritert på Nasjonal Transportplan.


Det gjekk i hovudsak slik som partia Ap, Sp, KrF og Venstre varsla måndag kveld. Ferjefri E39 mellom Stord og Bergen kom med på lista, men Hordfast blir ikkje nemnd med eit ord.

Høgre og Frp jobba lenge for å få inn formuleringa om Hordfast, men lukkast ikkje med å få fleirtalet med på dette.

– Stiller meg uforståande


Gruppeleiar i Stord Høgre, Øyvind Kyvik seier til Stord24.no at han ikkje skjønar  kvifor fleirtalet ikkje støtta opp om Høgre og Frp sitt forslag om å slå fast at det er Hordfast ein ønskjer.

– Eg stiller meg uforstånde til kvifor ikkje Ap, Sp, Venstre og Krf ikkje stemte for Høgre og FrP sitt forslag. Dei seier dei er for Hordfast, men stemmer ikkje for det. Men, dette prosjektet er så viktig at me no må sørge for at alle som stiller seg positive jobbar i lag for realisering.

Stord-ordførar som for tida er i permisjon, Gaute Epland (Ap), meiner det er lite sannsynleg at vedtaket vil føre til ein omkamp om trasévalet.

– Det vesentlege er at eit stort fleirtal i fylkestinget vil ha ferjefritt mellom Stord og Bergen. Med uttalelsane til statsminister, samferselsminister og fleire andre representantar for regjeringspartia, burde det vera heilt sikkert at prosjektet kjem inn i første NTP-fase, skriv Epland.

Happy ending


Torbjørn Brosvik (KrF) er også passeleg nøgd med konklusjonen i den oppheita debatten.

– Dette var det beste fylkestinget fekk til i dag. Eg er nøgd med at ferjefri E39 vert prioritert. Hordfast har ferdig kommunedelplan og startar reguleringsplan i sommar. Dette, saman med positive uttalar frå statsminister og samferdsleminister gjer at eg er trygg på at Hordfast no blir bygd.

Brosvik meiner det er svært lite sannsynlig at Stortinget vil opne opp for ein omkamp om trasé på dette tidspunktet.

– Spesielt vil ein ikkje opne opp for andre alternativ som alt er forkasta tidlegare i prosessen. Alt i alt ein lang dag på fylkestinget med ein happy ending.

Det er Stortinget som til slutt skal avgjere kva prosjekt som får plass i NTP. Det skal bli avgjort neste vår.
Vil du motta nyhetsbrev og invitasjoner?
Arrow

Hovedsamarbeidspartnere

SPV
Karmsund havn
Vassbakk & stol
Haugesund sparebank
Haugaland Kraft
Gassco
Dnb
Hatteland
A. Utvik
Sparebank 1 SR-bank
Hydro
Eurojuris Haugesund