Rekordkontrakt til Harding

14.12.2015
Harding Safety kunne knapt fått betre julegåve enn ein rekordkontrakt med verdensleiande cruiserederi
Gleda er stor i Harding-staben etter at dei har vunne ein stor kontrakt på livbåtar og davitar til eit cruiseselskap.

–Dette er vi veldig stolte over. Det gir oss nok ein fot å stå på, og er med på å sikra og befesta Harding sin posisjon som marknadsleiande på cruisemarknaden. Vi har med dette levert ein heilt ny pakke som er ny for heile marknaden, og jobbar no mot nye og spennande prosjekt, seier global sals- og marknadsføringssjef i Harding, Bjørn Sturle Hillestad og salsdirektør for cruisesegmentet, Hallvard Eide Skaare.

Harding har ikkje vore inn på cruisemarknaden sidan 2013, men er no tilbake. Dei siste åra har selskapet redesigna kjerneprodukta sine for å møte dei nyaste krava frå industrien, og dei første leveransane vil gå til eit leiande cruisereiarlag, som førebels ikkje er namngitt.

Både i omfang og verdi er den nye cruisekontrakten den største Harding Safety AS har inngått nokosinne.

– Kontrakten blei signert for nokre månader sidan, men de er dei første utanfor Harding-konsernet vi fortel det til, seier Eide Skaare til Kvinnheringen.

 

Les meir her:

http://www.h-avis.no/nyheter/harding-har-fatt-tidenes-kontrakt/s/5-62-196599
Vil du motta nyhetsbrev og invitasjoner?
Arrow

Hovedsamarbeidspartnere

SPV
Karmsund havn
Vassbakk & stol
Haugesund sparebank
Haugaland Kraft
Gassco
Dnb
Hatteland
A. Utvik
Sparebank 1 SR-bank
Hydro
Eurojuris Haugesund