Satser på film og app

12.05.2020
Omega Design satsar hardt: F.v dagleg leiar Astrid Eidhammer Hjelmeland, leiar av mobilapp-teamet Bente Bakke og filmfotograf Elin Sørheim. (Foto: Eva Karina Hjelmeland Moe)
Omega Design har styrka teamet det siste året med satsing innan film og app-utvikling.

 
Bedrifta har nyleg fått eit eige mobilapp-team som består av Bente Bakke, Espen Gjendem og Jostein Skaar. Desse tre har vore ein del av Omega PS det siste året, men blir altså no ein del av kommunikasjonsbedrifta Omega Design. I tillegg til mobilapp-utvikling og filmproduksjon jobbar gjengen i Omega Design med nettutvikling, grafisk design, PR, kommunikasjon, kurs og tekstarbeid.

- Det er utruleg bra å få mobilapp-teamet inn i Omega Design. Dette inneber at me og styrkar oss ytterlegare både på design og systemutvikling, seier dagleg leiar i Omega Design, Astrid Eidhammer Hjelmeland. Det siste halve året har me også etablert oss lokalt som ein kvalitetsleverandør av film, med erfarne og dyktige Elin Sørheim og Kristian Risanger på laget. Dette gjer at me i dag står sterkare til å møta marknaden lokalt, regionalt og nasjonalt saman med ressursane og kompetansen me allereie har innan design, tekst, kommunikasjon, nettdesign- og utvikling og nettbutikkutvikling.

Filmfotograf Elin Sørheim har lang erfaring frå NRK i Oslo, og var blant anna med å filma fleire sesongar av programma Arkitektens hjem, Oppfinnaren, i tillegg til Monsen minutt for minutt sommaren 2018.

– Eg er opptatt av å fortelje historia til folk. Dette kan næringslivet også tene på. Det handlar om å finne hjartehistoriene i sakene, seier Sørheim.

Vil bli marknadsleiande

Bente Bakke flytta nyleg til Etne, no leiar ho mobilapp-teamet i Omega Design. Ho har lang erfaring som UX-designar, blant anna som UX manager i Visma Consulting. I Visma var ho med på å utvikle mange store prosjekt, til dømes ei nettside for UDI som skulle forklare integreringsprosessen enkelt for dei som kom til landet, og som ikkje kunne språket. No har Bakke visjonane klare for mobilapp-utviklinga i Omega Design.

- Me skal bli marknadsleiande på mobilapp-utvikling i regionen. I første omgang vil me bygge oss opp nokre gode referanseprosjekt, men til jul reknar eg med at teamet har utvikla seg godt fagleg og at me også kan levere større mobilapp-prosjekt, meiner Bakke.

- For meg er det viktig å vere ein god rådgjevar, og kunne gi bedriftene og kundane det dei treng i ein app. Slett ikkje alle treng ein app, men har du ei kjempestor nettside er det lurt å bryte ned funksjonane på sida og spisse ei teneste i ein mobilapplikasjon.

Brenn for gode løysingar

Ho meiner behovet for UX-design, universell utforming og godt tilrettelagte digitale produkt som nettside og app berre vil bli større.

- Me brenn jo for dette, og vil gjerne skape gode løysingar for kunden, seier Bente Bakke. Med seg i teamet har ho Espen Gjendem frå Ølen, og Jostein Skaar. Gjendem er lidenskapeleg oppteken av programmering og utvikling, no gler han seg til å vere med å bygge opp det lokale app-teamet.

- Grunnen til at akkurat programmering er ein av mine lidenskapar er moglegheita til å forma noko som andre kan ha nytte av, men også for å kunne løyse problem. Når ein brukar tid og krefter på å tenkje seg fram til ei mogleg løysning, som også viser seg å fungere i praksis så gir det ei god kjensle. Den kjensla er eg alltid på jakt etter, fortel Gjendem.

Jostein Skaar som bur i heimbygda Etne er og ein del av mobilapp-teamet.

– Me ynskjer å bygge oss opp no, slik at me kan levere raske og gode mobilapplikasjonar. Omega er gode på å tenkje utafor boksen, det likar eg, seier Skaar.

– Det er ganske unikt å ha eit så stort spenn i tenester samla under eit tak lokalt, avsluttar Hjelmeland.

 

 

 
Vil du motta nyhetsbrev og invitasjoner?
Arrow

Hovedsamarbeidspartnere

SPV
Karmsund havn
Vassbakk & stol
Haugesund sparebank
Haugaland Kraft
Gassco
Dnb
Hatteland
A. Utvik
Sparebank 1 SR-bank
Hydro
Eurojuris Haugesund