Tøft å fylle ledige stillingar

06.05.2014
Dei komande fem åra blir omlag hundre stillingar ledige i Sauda. Det krev ei voldsom rekruttering
– Det blir ofte snakka mykje om å skapa nye arbeidsplassar og driva nyskaping. Men bare det å fylla folk i alle dei stillingane som blir ledige i åra framover krev ei voldsom rekruttering, seier Espen Thompson, leiar for Bulystprosjektet i regi av Sauda Vekst til lokalavisa Ryfylke.

For, når rundt hundre jobbar om få år blir ledige som følge av genersjonsskifte i det lokale arbeidslivet må desse arbeidstakarane erstattast av nye folk, både i og utanfrå Sauda.

Lenge har det blitt jobba aktivt for å møta desse utfordringane knytt til rekruttering og folketal. Bulystmidlar er på plass og Adresse Sauda-prosjektet er kraftig utvida med både involverte personar og bedrifter og nye og kreative satsingsområde.

Men, sjølv om veksten som nå er forventa som følge av generasjonsskifte i arbeidslivet meir eller mindre kjem av seg sjølv, står utfordringane i kø for kommunen og næringslivet i Sauda.

– Det er ikkje til å legga skjul på at Sauda slit med søkartilgangen på ledige jobbar. Det er et stort press på arbeidsmarknaden, der dei større byane har langt meir å konkurrera med, blant anna muligheter for jobb til ektefelle/partnar.

Det gjer at me må vera dobbelt så gode som andre for å greia å rekuttera folk til oss, forklarer Thompson, som også fryktar at ”kompetansekompromiss” kan bli nødløysingar når rett kompetanse ikkje melder seg.

Les meir her:

http://ryfylke.net/2014/05/06/forventar-folketalauke-og-utfordringar/
Vil du motta nyhetsbrev og invitasjoner?
Arrow

Hovedsamarbeidspartnere

SPV
Karmsund havn
Vassbakk & stol
Haugesund sparebank
Haugaland Kraft
Gassco
Dnb
Hatteland
A. Utvik
Sparebank 1 SR-bank
Hydro
Eurojuris Haugesund