- Aibel tvinges til utlandet

08.02.2012
- Gudrun-plattforma blir truleg den siste frå verftet i Haugesund. Konkurransen tvingar oss til å byggja heile dekk i Thailand til framtidige installasjonar, seier viseadministrerande direktør i Aibel, Erling Matland.
Han viser til at dekket og utstyrsmodulane til Gudrun-feltet blir nå bygt med to av i alt tre delar ved Aibel sitt verft i Thailand. Samtidig blir ein tredel av Gudrun-dekket produsert ved Aibel sitt verft i Haugesund. Gudrun-plattforma skal samanstilllast, utprøvast og gjerast ferdig i Haugesund før utsleping til feltet i 2013. Dermed kan ein stor og verdfull æra innan norsk verftsindustri vera over. Tvinga utanlands Matland viser til dei store endringane i konkurransesituasjonen for norske offshoreverft.

- Då Statoil avgjorde kven som skulle byggja Valemon-plattforma, ein installasjon som liknar på Gudrun, blei heile kontrakten gitt til eit koreansk verft. Neste gong må me leggja inn i tilbodet føresetnad om bygging utanlands. Ellers vil me ikkje kunne vinna oppdrag, seier Matland til aftenbladet.no. Han legg til at også det meste av ingeniørarbeidet i samband med nybygg vil skje i utlandet i framtida. - Aibel treng rask auke i talet på ingeniørar. Det kan på kort sikt skje gjennom samarbeid med utanlandske selskap. I Norge er marknaden for ingeniørar nærast støvsugd, seier viseadm. i Aibel som har rekruttert nær 1000 nye ingeniørar det siste året.

Opplæring i Asia

- Har de løyst utfordringane med å byggja i utlandet og samtidig oppfylla norsk sokkel sine krav til kvalitet?

- I Thailand har me hatt verft sidan 1998. Me har skolert dei tilsette til å jobba etter norsk sokkel sine krav (Norsok). Når det gjeld dei nytilsette ingeniørane våre i Singapore har me til dømes nå 70 av dei til opplæring i Haugesund. Fleire vil koma etter kvart, seier Matland.

Han legg til at skilnaden i byggjekostnadar mellom Thailand og Norge er stor. - Sjølv om kostnadane med transport av den ferdige dekkskonstruksjonen frå Asia til Norge blir tatt med, kan skilnaden vera nær 30 prosent, seier Erling Matland.

 

Les meir her: http://www.aftenbladet.no/energi/Aibel-tvinges-til-utlandet-2926994.html
Vil du motta nyhetsbrev og invitasjoner?
Arrow

Hovedsamarbeidspartnere

SPV
Karmsund havn
Vassbakk & stol
Haugesund sparebank
Haugaland Kraft
Gassco
Dnb
Hatteland
A. Utvik
Sparebank 1 Sør-Norge
Hydro
Eurojuris Haugesund