- Flest i hele landet
30.06.2015
Oversikta som Kunnskapsdepartementet la fram sist veke viser at det berre er tre institusjonar som får fleire nye studieplassar enn HSH. Det er Universitetet i Bergen (60) NTNU (50) og Høgskolen i Bergen (54)
Det er innanfor teknologi/realfag og helsefag Regjeringa vil ha vekst og fleire studentar. Dei fleste av dei 500 nye studieplassane frå Regjeringa er målretta plassert til desse områda.
- Me er tildelt 15 studieplassar innan tekniske fag. Dei går inn mot den nye masterutdanninga vår i brannsikkerhet, som me startar i haust.
- Dei 30 andre studieplassane er såkalla strategiske studieplassar. Her er me den institusjonen i landet som får flest plassar. At dei ikkje er øyremerka gir oss ein fridom til å bruka dei til det beste for regionen vår, seier rektor Liv Reidun Grimstvedt.
Les meir her:
http://www.hsh.no/nyheter/2015060000002649