-Knallbra for Sunnhordland

05.09.2019
Sunnhordland jubler over regjeringens trasevalg for Hordfast mellom Stord og Tysnes
I følge Stord24.no har Regjeringa  bestemt seg for sørleg kryssing over Langenuen. Det får naturleg nok Stord-ordførar Gaute Epland (Ap) til å juble.

– Dette er veldig gledelege nyhende for Stord og for Sunnhordlandsregionen. Me har stått tverrpolitisk samla om sørleg kryssing på Stord, og det er jo noko så godt som heile regionen har stilt seg bak.

Epland rosar innsatsen som er gjort for å overbevise regjeringa.

– Det et imponerande at ein får det til, for i utgangspunktet låg det jo an til midtre kryssing og det såg ut som det var den vegen det gjekk.

Leiaren i Stord næringsråd, Anne-Grete Sandtorv, jublar over at vedtaket som mange har venta lenge på, endeleg er kome.

– Eg er veldig glad for at dei no har teke ei avgjerd. Dette har eg venta på heilt sidan 2010, då arbeidet med konsekvensutgreiinga byrja, seier Sandtorv.

– Kor nøgd er du med at det blir sørleg kryssing?

– Dette har stor betydning for regionen vår, og det legg til rette for eit framtidig fastlandsamband mot Kvinnherad.
Vil du motta nyhetsbrev og invitasjoner?
Arrow

Hovedsamarbeidspartnere

SPV
Karmsund havn
Vassbakk & stol
Haugesund sparebank
Haugaland Kraft
Gassco
Dnb
Hatteland
A. Utvik
Sparebank 1 Sør-Norge
Hydro
Eurojuris Haugesund