- Må gi Kårstø flere år
12.09.2011
Det er leiaren i miljø- og energikomiteen i Stortinget, Erling Sande (Sp) som seier dette. Han var nyleg på besøk på Kårstø og fekk orientering om stoda av Gassco som er operatør for gassprosessanlegga og besøkte samtidig gasskraftverket til Naturkraft.
– Dersom levetida for Kårstø-anlegget blir for kort, må det vurderast om andre klimatiltak kan gi større utbytte, seier Sande. Han legg til at regjeringa vil seia noko om Kårstø og tiltak der i klimameldinga som kjem på nyåret, skriver aftenbladet.no.
Landets største
– Kårstø er vårt største punktutslepp av CO2 og er såleis tatt med i den referansebanen som Klimaforliket blei tufta på. Men før me kan gjera store investeringar må me få fram meir sikre prognosar for framtida når det gjeld drift av gasskraftverket på Kårstø og framtida for gassbehandlingsanlegga.
– For tida er kraftverket ute av produksjon. Men lønnsam kraftproduksjon er avhengig av utviklinga av gasspris og strømpris. Når det gjeld gassprosessanlegget elles på Kårstø, må me vita meir om tilgangen på gass dei neste to tiåra før me kan gjera investeringsvedtak for omfattande CO2-fangst, seier Sande.
Les mer her:
http://www.aftenbladet.no/energi/Uvisse-om-rensing-p-Krst-2863372.html