-Står beinhardt på Hordfast
02.04.2020
I ein ny liste frå Statens vegvesen, kjem dei med innspel til korleis dei vil prioritere dei forskjellige riksvegprosjekta, viss staten held fram med løyvingsnivået dei har i dag.
Får Statens vegvesen det som dei vil, går heile 70 prosent av potten til nye riksvegar i Noreg til gigantprosjektet Hordfast mellom Bergen og Stavanger:
- E39-prosjektet vil koste 19,3 milliardar statlege kroner, i tillegg kjem 17,4 milliardar i bompengar.
- 6,5 milliardar kroner går til E6 Oslo øst
- 1,4 milliardar kroner til kryssing av Glomma på riksveg 22
- og 440 millionar kroner til Holmenbrua på riksveg 282.
Viss staten aukar løyvingane til riksvegane, vil dei også gje pengar til seks andre prosjekt på til saman 14 milliardar kroner. Då vil bruprosjektet Hordfast stå for like under 50 prosent av den totale vegpotten.
Utbyggingsdirektør i Statens vegvesen Kjell Inge Davik seier dei prioriterer E39 Hordfast så sterkt fordi vegen er svært samfunnsøkonomisk lønsam.
– Det er ikkje tvil om at å binde saman Bergen og Stavanger er utruleg verdiskapande, og skapar store bu- og arbeidsregionar, seier Davik til NRK.
Les meir her