- Ta pengar frå Austlandet!

22.01.2020
Slik såg det ut etter raset som gjekk i Ulvik i Hardanger i desember i fjor Foto: Åge Algerøy / NRK










– Vestlandet og distrikta får altfor lite til rassikring av vegane. Midlar må overførast frå Austlandet, meiner ex-fylkesordførar


















Jenny Følling (Sp)  er nyvald leiar i Nasjonal rassikringsgruppe.

Den nyleg avgåtte fylkesordføraren i Sogn og Fjordane er oppgitt over det ho meiner er ei urettferdig fordeling av vegmidlane og at altfor lite blir sett av til rassikring.









Ho viser til at Austlandet har både bane og veg, medan Vestlandet har dårleg vegstandard, manglande rassikring, ferjer og tunnelar.

– Vestlandet og andre distrikt må få ein større og meir rettferdig del av den totale kaka, seier Følling til NRK.

Ho viser mellom anna til ei fersk prognose frå Bane Nor, der jarnbanesatsinga Indre Intercity, med dobbelspor frå Oslo til Hamar, Tønsberg, Hønefoss og Sarpsborg, åleine vil koste 148 milliardar kroner.

– Når Indre Intercity åleine ser ut til å ville koste 148 milliardar, bør det vere overkommeleg å bruke 71 milliardar til å rassikre det totale vegnettet i Noreg, seier ho.









Nestleiar i Transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget, Morten Stordalen (Frp), avviser at Vestlandet og distrikta bør få ein større andel av samferdslebudsjetta.

– Det må brukast endå meir til rassikring i åra som kjem, men å setje landsdelar opp mot kvarandre blir feil. Dette verkar å vere eit typisk Sp-utspel for å sanke fleire veljarar i distrikta, seier han.
























Vil du motta nyhetsbrev og invitasjoner?
Arrow

Hovedsamarbeidspartnere

SPV
Karmsund havn
Vassbakk & stol
Haugesund sparebank
Haugaland Kraft
Gassco
Dnb
Hatteland
A. Utvik
Sparebank 1 SR-bank
Hydro
Eurojuris Haugesund