30 % av drikkevannet forsvinner

17.06.2019
– Før gjekk me berre ut på dei store lekkasjane, og dei varer berre ei lita stund, men dei små lekkasjane er heile tida, seier Leif Økland i Bømlo vatn og avløp. (Foto: NRK Hordaland)
Lekkasjer "stikker av" med drikkevannet vårt. Bømlo har gjort noe med det
Mange kommunar har ein jobb å gjera for å sikra drikkevatnet, meiner Norsk Vann, den nasjonale interesseorganisasjonen for vassbransjen.

– I Noreg mistar vi i snitt om lag 30 prosent av vatnet på vegen frå kjelda til forbrukar, seier Arnhild Krogh som er rådgjevar i Norsk Vann til NRK

Det nasjonale målet er 20 prosent.

– Det er jo ikkje bra at så mykje av vatnet forsvinn på vegen. For å vere berekraftig bør vi ned i 20 prosent. Mange kommunar har ein jobb å gjere for å kome dit, seier Krogh.

På Bømlo i Hordaland har dei gjort noko med det.

Kommunen sleit med for lite vatn, men etter at dei byrja jobba systematisk med å hindra lekkasjar har dei redusert dei med 40 prosent.

– Før gjekk me berre ut på dei store lekkasjane, og dei varer berre ei lita stund, men dei små lekkasjane er heile tida, seier Leif Økland i Bømlo vatn og avløp.

Sidan 2005 har Bømlo vatn og avløp fått ned lekkasjeprosenten frå 60 til 20 prosent, fortel driftsleiar Odd Petter Habbestad.

– Me hadde ikkje nok vatn, så me måtte køyre reservekjeldene våre veldig ofte. Og så blei det ei veldig auke i vassforbruket til industrien vår.
Vil du motta nyhetsbrev og invitasjoner?
Arrow

Hovedsamarbeidspartnere

SPV
Karmsund havn
Vassbakk & stol
Haugesund sparebank
Haugaland Kraft
Gassco
Dnb
Hatteland
A. Utvik
Sparebank 1 Sør-Norge
Hydro
Eurojuris Haugesund