AF-Gruppen bygger ut på Kårstø

16.02.2012
Kårstø skal få nytt bygg til 270 millionar kroner. Bygget skal mellom anna gi hus til nytt driftslaboratorium

Entreprenørselskapet AF Gruppen er blitt tildelt ein av hovudkontraktane til det nye byggjeprosjektet på Kårstø, skriv aftenbladet.no. Kontrakten, som Statoil på vegne av Gassco har tildet AF Gruppen, har ein verdi på 110 millioner kroner. - Kontrakten omfattar i hovudsak betongarbeid og vil bli utført frå mars i år til juni neste år, seier AF Gruppens konsernsjef og ansvarleg sjef for anleggsverksemda, Arild Moe. Han legg til at AF vil på det jamne ha 40 personar i arbeid i anleggstida til dette nye byggeprosjektet. Sidan Kårstøs barndom - Det nye bygget blir på om lag 2700 kvadratmeter og får i tillegg til laboratoriet, kontorplassar for K-lab og for delar av driftsorganisasjonen på Kårstø, heiter det i ei melding frå Gassco, som er operatørselskap for gassprosessanlegget på Kårstø. Det heiter vidare i meldinga frå Gassco at eksisterande laboratoriebygg på Kårstø er frå 1984 og har sidan berre hatt mindre oppgraderingar.  
Vil du motta nyhetsbrev og invitasjoner?
Arrow

Hovedsamarbeidspartnere

SPV
Karmsund havn
Vassbakk & stol
Haugesund sparebank
Haugaland Kraft
Gassco
Dnb
Hatteland
A. Utvik
Sparebank 1 SR-bank
Hydro
Eurojuris Haugesund