Arbeidsløysa går ned i Rogaland

02.10.2012
1,7 prosent av arbeidsstyrken i Rogaland er registrert som heilt ledige i september. Nord i fylket er nedgangen størst.
1,7 prosent av arbeidsstyrken i Rogaland er registrert som heilt ledige denne månaden mot 1,9 prosent i september 2011. Talet utlyste stillingar held seg om lag på same nivå som i fjor med 1898 stillingar.
Arbeidsløysa i Noreg er og lågare denne månaden jamført med september i 2011. 2,4 prosent av arbeidstyrken er registrert som heilt ledige i Noreg i september.

4137 personar var registrert som heilt arbeidslause i Rogaland i september, fordelt på 2001 kvinner og 2136 menn. Samanlikna med i fjor er det no 17 prosent færre heilt arbeidslause menn og 5 % færre heilt arbeidslause kvinner i fylket. Samstundes viser statistikken ein like stor eller større nedgang i delen heilt arbeidslause i aldersgruppa 16 - 30 år og blant dei som har vore heilt utan arbeid i meir enn eit halvt år. Nedgangen for desse to gruppene var i september høvesvis 10 og 13 prosent samanlikna med same månad i fjor.

– Jamvel gler det meg endå meir og sjå den store nedgangen i arbeidsløysa lengst nord i fylket. Jamført med september i fjor er det no 14 prosent færre heilt arbeidslause i Haugesund og 21 prosent færre på Karmøy, fortel fylkesdirektør Truls Nordahl.

Les meir her: http://www.nav.no/Lokalt/Rogaland/Presse+og+media/Pressemeldingar/Fleire+i+arbeid+i+Rogaland.321875.cms
Vil du motta nyhetsbrev og invitasjoner?
Arrow

Hovedsamarbeidspartnere

SPV
Karmsund havn
Vassbakk & stol
Haugesund sparebank
Haugaland Kraft
Gassco
Dnb
Hatteland
A. Utvik
Sparebank 1 Sør-Norge
Hydro
Eurojuris Haugesund