Babyboom på slakteri

11.11.2011
Smittsomt eller bare tilfeldig? Slakteribedriften Nortura i Sandeid er utsatt for en veritabel babyboom. 15 prosent av staben er "rammet".

Av dei 60 medarbeidarane er heile ni personar snart eller nyleg nybakte foreldre. Det siste året har seks ekte Nortura-babyar sett dagens lys. Voksande magar avslører at ytterlegare fem babyar er rett rundt hjørnet, skriv loklavisa Grannar.

Tysdag vart nybakte og ventande foreldre samla til ei aldri så lita markering hos Nortura. Slakteriet i Sandeid har nemleg aldri sett på maken til babyproduksjon ved bedrifta tidlegare.

Smittsamt

Noko forklaring på den vanvittige samkøyringa av nye verdsborgarar er det ingen som kan gje gode svar på. Planlagt er det i alle fall ikkje. Men kan det hende at det er noko som går og som er smittsamt?

Kari Hegerland frå Sandeid har leika seg med denne teorien. For fem veker sidan fekk ho dottera Nicky.

- Eg, Henriette Dale og Hilde Margrethe Owe har jobba saman på kantina. Først oppdaga eg at eg var gravid, så Henriette og til slutt var også Hilde Magrethe gravid. Då må det jo nesten vere smittsamt. Dei to vikarane på kantina no må berre passa seg, ler ho godt.

Les meir her:
http://www.grannar.no/index.cfm?event=doLink&famID=221473&frontFamID=67945
Vil du motta nyhetsbrev og invitasjoner?
Arrow

Hovedsamarbeidspartnere

SPV
Karmsund havn
Vassbakk & stol
Haugesund sparebank
Haugaland Kraft
Gassco
Dnb
Hatteland
A. Utvik
Sparebank 1 SR-bank
Hydro
Eurojuris Haugesund