Bestiller to nye brønnbåtar

24.11.2011
Brønnbåtselskapet Agasøster Båtservice har bestilt to nye brønnbåtar, som skal ha Leirvik havn på Stord som base.

Agasøster Båtservice og verftet Aas Mek. Verksted i Møre og Romsdal har eit årelangt og godt samarbeid. Dette samarbeidet viser seg endå ein gong frå si beste side ved at brønnbåtselskapet med adresse Leirvik har tinga to nye nybygg, som skal vera ferdige hausten 2013 og våren 2014, skrive sunnhordland.no

Det er snakk om to brønnbåtar på 1.800 kubikk, med lengd på 70 meter og tolv meter breidde.

– Lastekapasiteten vil bli på 1.800 kubikkmeter, fordelt på to lasterom med skyveskott og trykk laste- og lossesystem. Båten vil ha innreiing for ti personar, heiter det i ei pressemelding frå dei to selskapa.
Båtane er arrangerte for transport av levande fisk i lukka og ope system.

Les meir her:
http://www.sunnhordland.no/article/20111124/NYHENDE/711249989
Vil du motta nyhetsbrev og invitasjoner?
Arrow

Hovedsamarbeidspartnere

SPV
Karmsund havn
Vassbakk & stol
Haugesund sparebank
Haugaland Kraft
Gassco
Dnb
Hatteland
A. Utvik
Sparebank 1 Sør-Norge
Hydro
Eurojuris Haugesund