Bikket 900 ansatte

16.01.2012
Før årsskiftet bikket IT-bedriften Omega i Ølensvåg 900 ansatte. Og det uten å ha brukt så mye som ei krone i markedsføring, skal vi tro lokalavisa Grannar.

 

Det er det nemleg ikkje behov for, meiner dagleg leiar Petter Aalvik. Godt omdømme, fornøgde kundar og tilsette er derimot heilt avgjerande.

— Det viktigaste for oss er gode referansar og anbefalingar. Dette gjeld både når me leverer tenester til kundane våre og når me rekrutterar nye medarbeidarar, seier han.

 

Rekrutterer på anbefaling

Berre nokre få gonger har Omega annonsert for dei ledige stillingane sine. Då er det gjerne snakk om stillingar lokalt, og responsen har vore relativt dårleg. Dei set heller si lit til rekruttering gjennom sine eigne nettsider, gjennom referansar og anbefalingar, og den attraktive frynsegodeordninga si ADVANTAGE.

— Først og fremst har me ein stab av dyktige medarbeidarar som gjer det attraktivt å jobbe for oss. Når dei tilsette trivst og fortel dette vidare til andre, skapar det interesse for å søke jobb hos oss. Me rekrutterer også mykje folk på anbefaling frå våre eigne tilsette. Våre tilsette er viktige ambassadørar for oss. Elles er det nok mange som oppfattar oss som ein attraktiv arbeidsplass fordi me har interessante jobbar å tilby og karrieremoglegheiter i ei bedrift som er i rivande utvikling, seier Aalvik.

 

Les meir her:

http://www.grannar.no/index.cfm?event=doLink&famID=230320&frontFamID=67945

 

 

 

 

Vil du motta nyhetsbrev og invitasjoner?
Arrow

Hovedsamarbeidspartnere

SPV
Karmsund havn
Vassbakk & stol
Haugesund sparebank
Haugaland Kraft
Gassco
Dnb
Hatteland
A. Utvik
Sparebank 1 Sør-Norge
Hydro
Eurojuris Haugesund