Blir han rogalending?

19.05.2020
Stord-ordførar Gaute Epland fekk kommunestyret med seg og vil ha utgreiing om Stord si rolle i "fylkeskampen". Foto: Stord kommune
Stord og Sveio vil ha utgreiing om overgang til Rogaland. Vil dei lukkast?
Eit stort fleirtal i kommunestyret på Stord vedtok sist veke at saka om å gå ut av Vestland og inn i Rogaland blir utgreidd. Liknande vedtak er blitt gjort i Sveio.

Saka kom opp til handsaming under torsdagens kommunestyremøte.I samband med den oppheita Hordfast-debatten gjekk ordførarduoen Gaute Epland (Ap) og Jakob Bjelland (Sp) ut og varsla at dei ville at Stord skal gå ut av Vestland.

Med eit positivt vedtak i fylkestinget når det gjeld ferjefri veg mellom Stord og Bergen, var temperaturen ikkje like skarp i dette møtet.

Men mange støtta likevel utspelet om å gå over til Rogaland. Kommunestyret vedtok å løfte saka med eit stort fleirtal, der berre seks røysta i mot, skriv  Stord24.no

Slik er vedtaket som blei gjort:

Stord kommunestyre ser med uro på den haldninga som Vestland fylke legg for dagen når det gjeld ivaretaking av Sunnhordland sine interesser, og ser at avstanden til fylkesnivået er blitt større etter regionreforma.

2. Kommunestyret ber difor ordførar løfte ei sak opp for Samarbeidsrådet for Sunnhordland, der ein ber Samarbeidsrådet om å greie ut føljande:

a. Foreta ei undervegsevaluering av Sunnhordlandskommunane si rolle i det nye Vestland fylke

b. Vurdere om Sunnordlandskommunane har ein tydleg nok posisjon i det nye fylket. I dette arbeidet skal fylkeskommunen koplast inn for å synleggjera sitt syn på saka.

c. Ut frå arbeidet, vurdere om det er tenleg å gå vidare med prosessar som leier mot utgreiing for å vurdere fylkestilknytning.

3. Kommunestyret ber om at saka kjem attende til handsaming hausten 2020 dersom Samarbeidsrådet finn å kunne gjennomføre ein slik prosess.

4. Ei vurdering av eventuelt fylkesbyte skal innehalde vurderingar frå fagorganisasjonane og fagmiljøa ved sentrale institusjonar som HVL og Stord Sjukehus. 
Vil du motta nyhetsbrev og invitasjoner?
Arrow

Hovedsamarbeidspartnere

SPV
Karmsund havn
Vassbakk & stol
Haugesund sparebank
Haugaland Kraft
Gassco
Dnb
Hatteland
A. Utvik
Sparebank 1 Sør-Norge
Hydro
Eurojuris Haugesund