Dro på sjekktur til Romania
29.08.2019
I sommar var han revisjonsleiar for ein delegasjon der både Aibel, Equinor og Vest Stål og Fasade var representerte. Målet var å sjekke om Vest Stål og Fasade sin leverandør i Romania hadde alt på stell, noko som det skulle vise seg at dei hadde.
- Når ein møter utanlandske bedrifter veit ein aldri heilt kva som møter ein, i Noreg har me betre oversikt og veit meir på forhand, både om bedriftskulturen og måten dei jobbar på. På forhand lagar eg meg ulike sjekklister i forhold til kva eg forventar, og veit me må gå gjennom, fortel Oland.
- Her var eg ganske overbevist om at det var orden i sakene, sidan same bedrifta også har levert til store byggeprosjekt på Austlandet, fortel Oland.
Prosjektleiar i Vest Stål og Fasade, Bjørn Steinar Helgevold, fortel at denne revisjonsturen ikkje er noko dei gjer mykje av, men som absolutt kan bli aktuelt også ved eit seinare høve.
- Her sette Aibel krav om at me gjennomførte revisjon også på underleverandørar, det vart ein god og ryddig prosess, der me fekk oppleve ein leverandør som hadde orden. Og Oland AS er god å ringe til, dei kan jobben sin og ordnar opp. Me har ikkje kapasitet til å tilsetje ein eigen person på dette, då er det godt me kan leige inn kompetanse på området, meiner Helgevold.
- Så kan me heller bistå med fagleg kompetanse, slår han fast.
r,
-Alt på stell her, konstaterer Øyvind Oland under revisjonsturen til ein underleverandør i Romania.