Ekspanderer til Bergen
10.10.2019

Amund Henriksen, her saman med dagleg leiar Bente Marie Sjo, skal halde til ved avdelinga i Bergen
Hovudkontoret ligg på Husnes og selskapet har eit avdelingskontor i Odda.
Zenit Engineering vart etablert i 2000. 12 tilsette i Zenit leverer i dag konsulenttenester innanfor sivil- og ingeniørkompetanse med disiplinar som materialteknogi, maskin- røyr-, design, maskinteknikk og prosjektkontroll.
-Med etableringa i Bergen vil Zenit no ha nærhet for å nå ein større marknad og nye kundar. Det er eit mål for Zenit å vera tilgjengeleg for kundane uavhengig av kor kontoret ligg, og erfaring viser at kundane set pris på å ha nærhet til ingeniørtenester, seier dagleg leiar Bente Marie Sjo.
Avdelinga i Bergen vil vera representert med Amund Henriksen som er sivilingeniør innan maskindesign, samt sertifisert IWE sveiseingeniør.