Får besøk av departementet

19.10.2015
To av våre medlemsbedrifter i Vindafjord får storfint, departementalt besøk i morgen..
Westcon i Ølensvåg og Hatteland Group i Vats er bedriftene, melder nettstedet Medvind24.no

Turneen er ein del av satsinga «NFD (Nærings- og fiskeridepartementet) ut i landet», der tilsette frå departementet besøker bedrifter, næringsforeiningar, næringsklynger og kommunar landet over.

Tysdag 20. oktober kjem departementet til Vindafjord, og byrjar rundturen på Westcon før turen går vidare til Vats og Hatteland Group. På programmet står bedriftspresentasjonar, omvising og diskusjon om marknadssituasjon, konkurranseevne og innovasjon.

- «Ut i landet»-prosjektet handlar om innovasjon, internasjonal ekspansjon og bærekraft, noko me arbeider med kvar einaste dag i Hatteland. Samstundes som me får sjansen til å læra meir om korleis departementet arbeider, vil me gje våre innspel til korleis dei kan styrka bedriftene si konkurransekraft, seier Stig Hatteland, styreleiar og medeigar i Hatteland Group.

I april deltok Hatteland, som eit av Noregs mest innovative teknologiselskap på IKT Norges Årskonferanse. Også der fekk selskapet presentert sine tankar kring temaet for næringsminister Monica Mæland.

- Vår jobb er å få næringslivet opp og fram. Me ønskjer innspel til korleis me kan styrka bedriftene si konkurransekraft. På same tid vil bedriftsbesøka gi eit innblikk i korleis departementa arbeider, sa Mæland då departementet sende ut sine ønskjer om bedriftsinvitasjonar tidlegare i år.
Vil du motta nyhetsbrev og invitasjoner?
Arrow

Hovedsamarbeidspartnere

SPV
Karmsund havn
Vassbakk & stol
Haugesund sparebank
Haugaland Kraft
Gassco
Dnb
Hatteland
A. Utvik
Sparebank 1 Sør-Norge
Hydro
Eurojuris Haugesund