Fatland falt i smak

04.05.2016
Fatland-gruppa stakk av med ikkje mindre enn 11 gullmedaljar for produkta sine under NM i kjøttprodukt.
Både pølser og grillmat frå Fatland gjekk til topps i fleire klassar.

Blant anna fekk Fatland Ølen sine grillprodukt gullmedalje i både lamme- og storfeklassen, då landets beste kjøttvarer blei kåra under NM i kjøttprodukter tysdag 3.mai, skriv Medvind 24.no

Til saman hanka det private slakteriet inn 11 gull, tre sølv og seks bronsemedaljar i det årlege noregsmeisterskapet arrangert av Kjøtt- og fjørfebransjens Landsforbund.  Om lag femti leverandørar med til saman nærare 500 produkt kjempa om prisane.

Fatland-avdelingane i både Ølen og Sandefjord hanka inn medaljar for kjøttvarene sine.

Fatland Ølen blei klassevinnarar for  årets grillprodukt av både lam og storfe. I tillegg hanka Ølen-slakteriet inn gullmedaljar for bacon, lammekotelettar og limousinburger.

Les meir her:

 
Vil du motta nyhetsbrev og invitasjoner?
Arrow

Hovedsamarbeidspartnere

SPV
Karmsund havn
Vassbakk & stol
Haugesund sparebank
Haugaland Kraft
Gassco
Dnb
Hatteland
A. Utvik
Sparebank 1 Sør-Norge
Hydro
Eurojuris Haugesund