Fersk laks til London på 48 timar

22.09.2020
Aistis Navikauskas lastar inn kassar med BÖMLO-laks i containeren. Foto: Bremnes Seashore
Ei ny lakserute gir lokale bedrifter interernasjonalt konkurransefortrinn
Denne veka vart ein ny milepæl for lakseprodusenten Bremnes Seashore på Bømlo. For første gong nytta selskapet seg av haugesundsrederiet North Sea Container Line (NCL) si nye lakserute til London.

Den første seglasen gjekk frå Haugesund, men planen er at Eldøyane frå Stord skal vere utskipingshamna frå og med neste veke, skriv Stord24.no

Britane har dermed aldri kunna nyta ferskare laks frå Norge enn no. Bremnes Seashore gjer greie for logistikken:

– Bremnes Seashore slakta laksen på Bømlo måndag føremiddag, den blei henta med kjølecontainer måndag ettermiddag, lasta om bord på skipet måndag kveld, og er framme i London onsdag, opplyser prosjektleiar Andreas Moe Larsen i Bremnes Seashore.

– Frå laksen blir henta hjå produsenten på Vestlandet til den er levert til kunden i Storbritannia tek det om lag 48 timar, noko som er svært konkurransedyktig.

NCL har gjort avtale med Kjell Birkenes Transport om å frakta varene frå oppdrettsselskapa til utskipingshamna. Larsen opplyser at Kystverket har støtta etableringa av ruta med 25 millionar kroner.

– Med sambandet får laksenæringa for første gang eit reelt alternativ til vogntog for transport av laks til Storbritannia. London har i tillegg ei sentral rolle i transportnettet vidare ut i verda.

Det er ikkje berre laks som skal fraktast i den nye ruta. Når båtane returnerer mot Stord er planen å laste det med britiske importvarar.
Vil du motta nyhetsbrev og invitasjoner?
Arrow

Hovedsamarbeidspartnere

Haubo
A.Utvik as
SPV
Karmsund havn
Vassbakk & stol
Sysco
Haugesund sparebank
Haugaland Kraft
Gassco
Dnb
Tveit
Hatteland