Filter blir Omega Design
03.09.2018
Omega Design tilbyr dei same tenestene som tidlegare; grafisk design, utvikling av nettside, magasinproduksjon, marknadsføring via sosiale medium, og kommunikasjonstenester. Selskapet held fram som før med tilsaman 7 årsverk i tillegg til ein lærling og praktikant.
Omega Design har hovudkontor i Ølensvåg i nybygget til morselskapet Omega, og avdelingskontor på Sand og i Sauda, heter det i en pressemelding fra selskapet.
- Me har nyleg flytta inn under same tak som Omega i Ølensvåg og med namneendringa ønskjer me å tydeleggjer kven me er, kva me tilbyr og kva konsern me er del av, seier dagleg leiar i Omega Design Astrid Eidhammer Hjelmeland. Ho legg vekt på at design - og kommunikasjonsbedrifta ser fram til å få jobba vidare med tenester innan design og kommunikasjon både for morselskapet og i markedet.
- Omega er ei kjend merkevare og eit selskap med stor fagleg tyngde på mange område. Det er ein styrke for oss å signalisera overfor marknaden at me er ein del av dette konsernet. Sidan oppkjøpet i 2015 har Omega Design fått ein styrka kompetanse på IT-løysingar via Omega til både interne og eksterne kundar, meiner ho.
Som eit datterselskap i Omega-konsernet vel Omega Design nå å vise tettare band til morselskapet. Omega-konsernet består av 22 datterselskap med kontor verda over. Hovudkontoret ligg i Ølensvåg i Vindafjord kommune. Omega jobbar innanfor ei rekke sektorar som helse, bygg og anlegg, olje og gass, energi, samferdsel, og IT.
- Sjølv om Filter nå er blitt Omega Design, vil dei framleis oppretthalda tenestetilbodet sitt til kundar i heile regionen. Ved å flytta inn i Omega-bygget vil dei også komme endå tettare på morselskapet reint fysisk, noko som også kan bidra til endå tettare samarbeid på tvers av selskapa i konsernet, seier Sigmund Lunde som både er gründer i Omega og styreleiar i Omega Design.