Fitjar vil eie i Haugaland Kraft

26.02.2018
-Vi får en eier med viktig kompetanse, sier Olav Linga.
Haugaland Kraft AS og Fitjar Kraftlag SA går i forhandlingar om å konvertera Fitjar Kraftlag sin eigarpost på 3,4 % i Sunnhordland Kraftlag (SKL) til eigarskap i Haugaland Kraft, heter det i en pressemelding fra selskapet.

Partane er nå einige om å starta forhandlingar om ein intensjonsavtale om aksjebyte der ein ynskjer å konvertera Fitjar Kraftlag sin eigarpost i SKL til eigarskap i Haugaland Kraft. Dette ynskjer ein å gjennomføra ved at Fitjar Kraftlag sine aksjar i SKL vert ført over til Haugaland Kraft, mot at Fitjar Kraftlag får eit vederlag i aksjar i Haugaland Kraft. Vidare vil partane vurdera eit utvida samarbeid på fleire område i forhandlingane.

Haugaland Kraft er eigar av regionalnettet i vårt område og ein naturleg samarbeidspartnar. I tillegg har det vore eit mangeårig tett samarbeid på leveranse av Altibox tenester, seier Agnar Aarskog, styreleder i Fitjar Kraftlag.

Haugaland Kraft vil med dette få inn ein ny eigar med kompetanse som er viktig for våre forretningsområde og utvikling av eit stort regionalt selskap, seier konsernsjef i Haugaland Kraft Olav Linga. Dette vil også bidra til å styrke beredskapen i heile regionen. Haugaland Kraft vil med denne transaksjonen styrke sitt eigarskap i Sunnhordland Kraftlag med mål om å utvikle Sunnhordland Kraftlag til eit sterkt nasjonalt selskap med regional tilknyting til Stord og Sunnhordland.

Fitjar Kraftlag er organisert som eit samvirkeføretak og har nett, produksjon, omsetnad og breiband organisert i eit og same selskap. Fitjar Kraftlag eig i tillegg aksjar i Midtfjellet Vindkraft AS og SKL.

Haugaland Kraft er konsernorganisert og består av morselskap og 4 dotterselskap. Selskapa sitt kjerneområde er kraftdistribusjon, energiomsetnad, fibertenester samt kommersialisering av nye tenester knyta til kjerneområda. SKL er en del av Haugaland Kraft konsernet der ein eig 53,3 % av aksjane.

Begge selskapa har intensjon om å kome til ein snarleg avtale som kan leggjast fram for styre og eigarar.

 
Vil du motta nyhetsbrev og invitasjoner?
Arrow

Hovedsamarbeidspartnere

SPV
Karmsund havn
Vassbakk & stol
Haugesund sparebank
Haugaland Kraft
Gassco
Dnb
Hatteland
A. Utvik
Sparebank 1 Sør-Norge
Hydro
Eurojuris Haugesund