Den nystarta hurtigmatkjeda Pink Fish hadde ambisjonar om å opne 1000 restaurantar. To og eit halvt år etter oppstarten er situasjonen ein heilt annan, skriv Stord24.no
Stjernekokken frå Fitjar, Geir Skeie, starta hurtigmatkjeda «Pink Fish» saman med dagleg leiar Ronny Gjøse og investor og sambygding Svein Sandvik i 2017.
Målet skulle vere å freiste svultne kundar over heile verda med laksebasert fastfood.
Geir Skeie sa til Stord24 våren 2018 at dei hadde ambisjonar om å vekse svært raskt.
– Me har ein plan om å kome oss til Asia i løpet av neste år. Så ønskjer me å vekse så fort som mogleg eigentleg. Me må ha ein del restaurantar på plass for at merkevaren skal bli kjend. Får me ein stor partnar i Kina, så kan det plutseleg vere 2-300 restaurantar i løpet av to-tre år.
Men snart to år etterpå lar suksessen vente på seg. I følgje bransjenettstaden IntraFish har restauranten i dag berre fem restaurantar i Norge og éin i Singapore. To restaurantar i Oslo er blitt nedlagt.
Dagleg leiar i Pink Fish, Ronny Gjøse, seier til IntraFish at dei er skuffa over utviklinga.
– Folk i Norge seier éin ting og gjer noko anna. Sjølv om me leverer på alle dei viktige drivarane som berekraft og sunnheit, så ser me at det vert ete pizza, pasta og burgere som aldri før.
– Dei seier dei gjerne vil ete meir fisk, men når dei er svultne så går dei til etablerte aktørar, seier Gjøse.
Han fortel at dei no har skrinlagt planane om å vekse i Norge, men held likevel fast på ambisjonane i utlandet. Planen er å opne kjeda sin andre restaurant i Singapore til sommaren, opplyser den daglege leiaren til nettstaden.