Folkeaksjer til restaureringsarbeid
19.05.2015
Under stiftingsmøtet 8. mai blei det teikna 3 523 såkalla folkeaksjar, alle med ein verdi på tusen kroner. Sauda kommune og Sparebankstiftelsen Sauda gjekk inn med høvesvis 2 millionar og 1,25 millionar kroner kvar, medan Sauda Fabrikkarbeiderforening kjøpte aksjar for 200 000 kroner. Det har seg nemleg slik at Sauda Fabrikkarbeiderforening og/eller Folkets Hus Landsforbund må vera aksjonærar om bygget, som blei reist i 1931, skal få behalda namnet ”Folkets Hus”.
Som eit ledd i prosessen med å finansiera restaureringa av Folkets Hus har det også blitt opna opp for at private kan kjøpa seg inn i prosjektet. Til nå har det blitt teikna 176 folkeaksjar. Medrekna investeringane til Sauda kommune, Sparebankstiftelsen Sauda og Sauda Fabrikkarbeiderforening er det til nå teikna 3 646 aksjar til ein verdi av 3,646 millionar kroner