Fryktar ikkje høge kraftprisar

19.03.2012
Johan Sverdrup-feltet og dei tre mindre oljefelta på Utsirahøyden treng like mykje elektrisitet som Stavanger by. Men Lyse trur ikkje på kraftkrise i distriktet.
- Ny norsk og svensk fornybar energi og meir finsk atomkraft, vil gi nok straum både til elektrifisering av sokkelen, fleire elbilar, meir kraftintensiv industri og fleire utanlandskablar i åra framover, seier Lyse-direktør Ole Gabrielsen til Stavanger Aftenblad.

Olje- og energiminister Ola Borten Moe (Sp) har vore svært tydeleg sidan Statoil og Lundin gjorde gigantfunnet i Nordsjøen: Dei nye plattformene på Utsirahøyden bør drivast med straum frå land. Deler av miljørørsla går også inn for å bruka rein energi frå land framfor forureinande gassturbinar.

På initiativ frå departementet er Statoil i gang med å vurdera ei mogleg felles kraftløysing for felta på Utsirahøyden, 200 kilometer ut i Nordsjøen frå Rogaland. Tilknyting til straumnettet vil skje her i fylket.

- Kan elektrifisering gi kraftrasjonering og høgare straumpris i Rogaland?

- Rogaland og tilgrensande område har betydelig meir produksjon enn forbruk. Nettkapasiteten er det opp til Statnett å vurdera, svarar konserndirektør for energi i Lyse, Ole Gabrielsen. Han seier det alt i dag er nok kraft i området til å forsyna Johan Sverdrup og dei andre felta på Utsirahøyden, medan Statnett har vurdert nettkapasiteten på Karmøy som tilstrekkeleg. Tilgangen på kraft vil berre auka i åra framover, ifølgje energiselskapet.

Les meir her:

http://www.aftenbladet.no/energi/--Kraft-til-sokkelen-gir-ikkje-kraftkrise-2942826.html#.T2BxM8BNV8E
Vil du motta nyhetsbrev og invitasjoner?
Arrow

Hovedsamarbeidspartnere

SPV
Karmsund havn
Vassbakk & stol
Haugesund sparebank
Haugaland Kraft
Gassco
Dnb
Hatteland
A. Utvik
Sparebank 1 SR-bank
Hydro
Eurojuris Haugesund