Fusjonerer med Sysco

08.10.2012
Kambe AS frå Ølen blir no ein del av IT-selskapet Sysco. Eigar Tor Magnar Kambe (44) er svært tilfreds med ekteskapet, skriv Grannar.
Fusjonen som nå er gjennomført, skjer ved at Kambe AS i Ølen blir ført vidare under namnet Sysco Finans.

— Eg er svært tilfreds med det som nå skjer. SYSCO er eit solid selskap, og saman utfyller me kvarandre svært godt, seier Tor Magnar Kambe som gjennom fusjonen blir nest største enkelteigar i SYSCO.

Kambe AS går inn i SYSCO med heile sin portefølje. Kambe presiserer at dei også vil satsa vidare på eksisterande kundar innanfor andre bransjar, blant anna industri, transport og fisk, slik at også disse vil nyte godt av fusjonen.

Sjølv vil han ikkje ha leiande administrativ stilling i det fusjonerte selskapet.

— Ein av grunnane til at eg gjer dette, er ønsket om mindre administrativt ansvar. Eg vil nå konsentrera meg om produktutvikling og kontakt med kundar.

— Med Kambe på laget kan me tilby ei endå meir komplett tenesteportefølje og bevega oss enda lenger oppover i verdikjeda, seier administrerande direktør i SYSCO, Frank Vikingstad.

Les meir her: http://grannar.no/2012/10/fusjonerer-med-it-suksess/
Vil du motta nyhetsbrev og invitasjoner?
Arrow

Hovedsamarbeidspartnere

SPV
Karmsund havn
Vassbakk & stol
Haugesund sparebank
Haugaland Kraft
Gassco
Dnb
Hatteland
A. Utvik
Sparebank 1 Sør-Norge
Hydro
Eurojuris Haugesund