Girer opp i Sauda

15.08.2014
Dei franske eigarane legg ned i Fredrikstad – og styrkar produksjonen av laminert glas ved fabrikken i Sauda.
– ”A new start”. Me har måtta ta ei tøff avgjerd, men nedlegginga i Fredrikstad er for å betra drifta ved dei andre fabrikkane våre. Eit grep for framtida, seier Benoit Chatillon, administrerande direktør i Saint Gobain Bøchmann AS til avisa Ryfylke.

Tysdag blei det klart at det franske konsernet, Saint Gobain Bøchmann AS, stansar all produksjon ved glasfabrikken sin i Fredrikstad.

Ved denne fabrikken jobbar det i dag 75 tilsette. Glasfabrikken i Sauda, derimot, blir verande.  Benoit Chatillon fortel at bedrifta nyleg har fornya leigeavtalen i produksjonsbygget i Saudasjøen med fem nye år.

– Me ønsker å styrka produksjonen av laminert glas ved fabrikken i Sauda. Sauda skal styrkast. Me har starta med ein ny strategi, forsikrar direktøren.

Chatillon vil, av omsyn til konkurransekrafta, ikkje uttala seg om rekneskapstala for fabrikken i Sauda dei siste åra, skriv avisa.

Bedrifta i Sauda har 46 personar tilsette og er ei av dei største industribedriftene i kommunen. Den er og av dei få som ikkje er direkte avhengig av drifta ved Eramet.

 

Om seg selv sier selskapet:

Saint-Gobain Bøckmann er en del av Saint-Gobain Glass - en av verdens største glassprodusenter.

I Norge har vi flere fabrikker og vi er ledende på glassløsninger til mange formål, noe som krever et komplett produktspekter og høy kompetanse.

Vi er også en av Skandinavias største produsenter av sikkerhetsglass. Kundemassen vår er representert innen bygg og anlegg, industri og skip og offshore.

Våre kunder finnes blant vindus- og dørprodusenter, fasadeentreprenører og glassmestere. Du finner oss i Fredrikstad, Oslo, Gjøvik, Sauda.
Vil du motta nyhetsbrev og invitasjoner?
Arrow

Hovedsamarbeidspartnere

SPV
Karmsund havn
Vassbakk & stol
Haugesund sparebank
Haugaland Kraft
Gassco
Dnb
Hatteland
A. Utvik
Sparebank 1 Sør-Norge
Hydro
Eurojuris Haugesund