Gudrun gir råstoff til Kårstø

08.06.2011
- Gudrun-feltet vil gi råstoff til Kårstø i fem til seks år framover. Kårstø-anlegget må oppgraderast for 800 millionar, seier Thor Otto Lohne direktør for finans og forrentningsutvikling i Gassco.

Kårstø må oppgraderast for å kunne ta imot lettolje i røyr frå Gudrun-feltet i Nordsjøen. Produksjonen på Gudrun-feltet skal starta i 2014, skriv Stavanger Aftenblad.

Men for at dette skal kunne skje på ein effektiv, økonomisk og trygg måte må Kårstø byggjast om og byggjast på. Korleis dette skal gjerast på Kårstø er alt avgjort.

Endeleg investeringsvedtak skal gjerast i byrjinga av juni. Planen er at arbeidet på Kårstø til mellom 700 og 800 millionar kroner skal vera ferdig 31. juli 2013.

- Endringane som nå er planlagt gjennomført på Kårstø, gjer oss betre rusta for framtida. Me har i lang tid tatt i mot og handsama stabilisert kondensat på Kårstø. Men nå vil anlegget også kunne handtera lettolje. Det gir oss fleire bein å stå på. Det er også svært positivt at me får utnytta eksisterande anlegg best mogeleg, seier Thor Otto Lohne direktør for finans og forrentningsutvikling i Gassco.

Han legg til at lettolje vil strøyma inn til Kårstø gjennom det same røyret som kondensatet i dag blir frakta gjennom frå Sleipner-feltet til Kårstø. Gudrun-feltet ligg 55 kilometer nord for Sleipner. Røyr blir bygt frå Gudrun til Sleipner-feltet.

- Samtidig blir det lagt til rette for at fleire mindre felt kan bli knytt til same transportløysing i framtida og dermed kunne gi enda meir råstoff til anlegget på Kårstø, seier Thor Otto Lohne.

Gudrun-feltet inneheld om lag 127 millionar fat oljeekvivalentar. To tredeler av dette volumet er olje. Gassen frå Gudrun-feltet vil bli eksportert direkte til Europa via Sleipner-feltet.

Les meir her:
http://www.aftenbladet.no/energi/Det-m-investerast-i-gassryr-fr-nord-2820933.html
Vil du motta nyhetsbrev og invitasjoner?
Arrow

Hovedsamarbeidspartnere

SPV
Karmsund havn
Vassbakk & stol
Haugesund sparebank
Haugaland Kraft
Gassco
Dnb
Hatteland
A. Utvik
Sparebank 1 SR-bank
Hydro
Eurojuris Haugesund