Han kan bli ny styreleder
12.12.2011
I november blei det klart at styreleiar Toralv Mikkelsen i Helse Fonna ikkje stiller som kandidat for ei ny valperiode i 2012-2015. Oddingen trer av frå vervet 1. mars 2012.
I dag la Samarbeidsrådet for Sunnhordland fram sin kandidat til å overta som styreleiar. Dei meiner det er viktig at Sunnhordland får styreleiaren i helseføretaket og lanserer difor Høgre-politikar og tidlegare Bømlo-ordførar Inge Reidar Kallevåg. 53-åringen har vore styremedlem i Helse Fonna sidan 2004.
Kallevåg måtte i haust gje frå seg ordførarklubba på Bømlo til rivalen Odd Harald Hovland (Ap) etter dramatiske koalisjonsforhandlingar. Kallevåg hadde då hatt 12 år i ordførarstolen.
I november blei det også klart at Kari Ugland sin etterfølgjar blir Olav Klausen som no er konstituert som administrerande direktør i helseføretaket. Ugland varsla styreleiaren nokre veker tidlegare at ho ynskte avløysing frå jobben, som ho har hatt sidan mars 2008.
Les meir her:
http://www.sunnhordland.no/article/20111212/NYHENDE/712139991