Haugesund topper
27.11.2015
I dag NAV fram arbeidsløysetale for Rogaland. Den viser at det står 10 534 personar heilt utan arbeid ved utgangen av november. Rogaland har no høgast arbeidsløyse i Noreg med 4,1 prosent av arbeidsstyrka. I Noreg er 2,9 prosent av arbeidsstyrka utan jobb.
Samanlikna med november 2014 har arbeidsløysa i Rogaland auka med 81 prosent. Summen av dei som står heilt utan arbeid og dei som er i arbeidsretta tiltak gjennom NAV utgjer bruttoarbeidsløysa. Rogaland har ei bruttoarbeidsløyse på 4,6 prosent i november. 1360 personar er ved utgangen av november i eit arbeidsretta tiltak, heiter det i pressemeldinga frå NAV.
Arbeidsløysa aukar i alle aldrar og i alle yrkesgrupper, med unntak av yrkesgruppa undervisning. I Rogaland er det flest arbeidslause i typiske mannsdominerte yrke. 6992 menn og 3542 kvinner står heilt utan arbeid. Industri, ingeniør- og ikt og bygg- og anlegg er dei yrkesgruppene der arbeidsløysa stig mest og der det er flest utan jobb.
Flest arbeidssøkjarar finn me i aldersgruppa mellom 30 og 39 år. Arbeidsløysa er høgast blant unge mellom 20 og 30 år.
Mange arbeidssøkjarar har attraktiv kompetanse
Mange av dei som mistar jobben no har høg kompetanse og er attraktive på arbeidsmarknaden både i Noreg og i utlandet. – Noko av det viktigaste me kan gjere for dei som no søkjer nytt arbeid er å synliggjere kor det er mogleg å finne jobb, samt kople saman arbeidsgjevarar og arbeidssøkjarar. Situasjonen i arbeidsmarknaden gjer det nødvendig med ein stramare praksis knytta til kravet om mobilitet. Arbeidssøkjarar må i større grad vere budde på å ta dei ledige jobbane som er - der jobbane finns, seier fylkesdirektør Truls Nordahl.
Arbeidsgjevarar ber NAV hjelpe med å finne medarbeidarar
Stillingar vert offentleggjort i media, men mange stillingar kjem og inn til NAV direkte frå arbeidsgjevarar. I november fekk NAV Rogaland inn over 200 stillingar direkte frå arbeidsgjevarar som treng fleire medarbeidarar. – Me trur at mange arbeidsgjevarar let vere med å annonsere stillingar. Dei opplever at mange svært kompetente søkjarar tek direkte kontakt. Derfor er det svært viktig å ha god kontakt med nettverka sine for å fange opp kor det er mogleg å få jobb, seier Truls Nordahl.
1162 ledige stillingar lyst ut i Rogaland
1162 stillingar vart lyst ut i Rogaland i november. Dette er på same nivå som i fjor. Totalt i Noreg vart lyst ut 15 405 stillingar, som er 12 prosent fleire enn på same tid i fjor.
7 kommunar med over 4 prosent arbeidsløyse i Rogaland
Haugesund kommune har høgast arbeidsløyse med 5,5 prosent. Blant dei kommunane med over 4 prosent arbeidsløyse finn me Sandnes (4,9), Eigersund (4,4), Stavanger (4,3), Sola (4,3), Gjesdal (4,2) og Strand (4,2). Arbeidsløysa er lågast i Suldal med 0,7 prosent av arbeidsstyrka.