HMS-pris for ny teknologi
24.11.2011
Statoil på Kårstø er blitt tildelt ein HMS-pris for å ha tatt i bruk ny teknologi som kan erstatta sveising. Det er Gassco, selskapet som har operatøransvaret for det norske gasstransportsystemet, som deler ut prisen. Formålet er å oppmuntra til positiv, innovativ tenking på HMS-området og til langsiktig tenking på tiltak for å unngå store ulukker, heiter det i ei melding frå Gassco.
Utan flamme
Teknologien som Statoil har tatt i bruk på Kårstø, blir kalla lokring. Teknologien går i hovudsak ut på å føya saman utstyr og rør utan varmt arbeid. Det er alt blitt gjennomført 3.000 slike installasjonar på hjelpesystem på Kårstø. Neste steg er å nytta teknologien lokring til å kopla saman røyr og utstyr som leier hydrokarbonar. Det vil i praksis seia røyr og utstyr som det går gass gjennom.
Dramatiske sveisekutt
- Ny og spennende teknologi er lett tilgjengeleg i marknaden. Men å få teknologien godkjent og tatt i bruk i praksis, er gjerne svært krevjande. Statoil har god grunn til å vera stolt over å ha lukkast med dette. På sikt kan 90 prosent av alt varmt arbeid i klasse A på Kårstø unngås, og dermed vil talet på tennkjelder bli dramatisk redusert, seier Alfred Skår Hansen i Gassco.
Les mer:
http://www.aftenbladet.no/energi/Statoil-fr-pris-for--droppa-sveising--2897072.html