Hvem er handelsvinnerne?
16.11.2018
													I mai skrev Grannar at Etne de siste sju årene har hatt vel 31 prosent handelsvekst, eller dobbelt så stor vekst som landsgjennomsnittet. Trenden ser ut til å holde seg i inneværende år med 6,4 prosent økning, mens Vindafjord taper terreng sammenliknet med den generelle veksten i landet.
- På landsbasis er netthandelbutikkane vinnar med 5,6 prosent vekst i første halvår 2018, etter ei omsetning på 10,2 milliardar kroner. Det er særleg butikkar innan elektriske artiklar og spesialisert vareutval som står for nettveksten.
Detaljhandel er ei stor næring i landet. I dei seks første månadene utgjorde volumet 236 milliardar kroner, noko som tilseier ein vekst på 2,7 prosent samanlikna med same periode i 2017.
Regionalt er det Tysvær, Bømlo, Kvinnherad og Etne kommune som har størst vekst målt i handel per innbyggar. Alle dei fire kommunane ligg godt over snittet i landet på 2,7 prosent, viser SSB sine tal. Handelsbyen Haugesund toppar, men taper stadig terreng til fleire av handelssentra ute i regionen.
Tilsvarande hadde Vindafjord 4 prosent vekst i same sjuårsperiode. Utviklinga i årets første halvår har ikkje betra seg, ifylgje tala frå SSB som viser 1,1 prosent i vekst. Målt per innbyggar er handelen i Etne kommune nå over 40 prosent større enn i Vindafjord, skriv Grannar.
| Omsetning per innbyggjar i detaljhandel i kroner | |||
| Omsetning | |||
| Første halvår 2017 | Første halvår 2018 | Endring % | |
| Haugesund | 60.284 | 61.842 | 2,6 | 
| Suldal | 26.308 | 26.130 | -0,7 | 
| Sauda | 33.675 | 34.207 | 1,6 | 
| Tysvær | 18.503 | 20.283 | 9,6 | 
| Karmøy | 32.194 | 32.186 | 0 | 
| Vindafjord | 26.614 | 26.902 | 1,1 | 
| Etne | 36.031 | 38.331 | 6,4 | 
| Sveio | 13.701 | 14.131 | 3,1 | 
| Bømlo | 26.236 | 27.859 | 6,2 | 
| Stord | 42.880 | 44.710 | 4,3 | 
| Fitjar | 24.081 | 24.724 | 2,7 | 
| Kvinnherad | 31.672 | 33.589 | 6,2 | 
| Odda | 40.176 | 41.347 | 2,9 | 
| Kjelde: Statistisk sentralbyrå | |||
 
 											 
 											 
									 
									 
							 
							 
							 
							 
							 
							 
							 
							 
							 
							 
							 
							 
							 
						 
						 
						 
						 
						 
						 
						