Kan gi 1000 nye arbeidsplassar

03.06.2020
Sjølvaste klima- og miljøvernminister Sveniung Rotevatn fekk æra av å markere opninga av det nye biogassanlegget som er under bygging på Eldøyane på Stord.(Foto: Stord24.no)
Industrigründer på Stord trur biogassanlegg er starten på nytt industrieventyr
– Me vil gjerne byggje ti biogassanlegg i Norge. No går med i gang med det første, og det er heilt klart at for oss er det enkelt å byggje ni til, sa Jan Kåre Pedersen under Sunnhordland Naturgass sitt miniseminar om industri og sirkulærøkonomi på Stord Hotell.

Etter seminaret var det klart for nedlegging av grunnsteinen, ikkje berre for biogassanlegget på Stord, men for ei heil kjede med slike anlegg.

– Me veit kva fallgruvene er, Enova kjenner kva me gjer og me veit at det er investorar som er med oss. Pengane er der og me er voldsomt klar for dette her, slo Pedersen fast til Stord24.no

Han meinte ti biogassanlegg tilsvarande det som no vert bygd på Stord kan generere 1000 arbeidsplassar.

– Det høyres enormt ut. Då har me rekna verdiskapinga for heile verdikjeda rundt biogass. Me er allereie 25 arbeidsplassar som held på med dette på Stord no, sa Pedersen.

Klima og miljøvernminister Sveiung Rotevatn applauderte satsinga som vert gjort på Stord.

– Dette er eit kjempeviktig prosjekt på veldig mange måtar. Dette er ikkje berre klimakutt og berre arbeidsplassar og berre sirkulærøkonomi. Det er alt saman. Det er denne type prosjekt som vil dra oss gjennom det grøne skifte. Der ein vil bruke naturen på ein smartare måte.

Fungerande Stord-ordførar Jakob Bjelland (Sp) uttalte seg også i entusiastiske vendingar frå talarstolen under seminaret.

– At det er på Stord me byggjer verdas mest avanserte biogassanlegg er ikkje tilfeldig. For det er her me hadde kompetanse til å byggje verdas største flytande vindpark, og verdas mest miljøvenlege skip. Det er i grunn heilt naturleg at dette skjer på Stord.

 
Vil du motta nyhetsbrev og invitasjoner?
Arrow

Hovedsamarbeidspartnere

SPV
Karmsund havn
Vassbakk & stol
Haugesund sparebank
Haugaland Kraft
Gassco
Dnb
Hatteland
A. Utvik
Sparebank 1 Sør-Norge
Hydro
Eurojuris Haugesund