Lager teater av fylkeskrig

25.08.2020
Finn Tokvam (t.v.) har gjesta Næringsforeningen fleire gonger, her saman med Halvor Folgerø, som han spela saman med på Haugalandskonferansen i 2015.
Fylkessamanslåinga Vestland har skapt strid. Nå gjer ein "gammal" kjenning teater av prosessen...


- Vi er eit veldig samansett fylke, frå brølande apar til inneslutta lodottar, seier manusforfattar Finn Tokvam. Han har skrive teaterstykket "Vestland, Vestland", som har urpremiere denne veka.

Tokvam er godt kjent i Næringsforeningen og har m.a. vore med som underhaldar  på Haugalandskonferansen og Byggarena. På turneen skal teaterensemblet innom både Bømlo, Stord og Skånevik.

På scena representerer Sigrid Moldestad og Claus Sellevoll kvar sitt fylke i det arrangerte ekteskapet mellom Sogn og Fjordane og Hordaland fylke. Framsyninga har urpremiere 27. august, og skal rett ut på Vestlandsturne etter det.

– Etter fem månader med teatertørke, gler vi oss veldig til endeleg å ha premiere på eit heilt nytt stykke, seier teatersjef i Teater Vestland, Bodil Kvamme, til Nynorsk Pressekontor.

Da Kvamme fekk ideen til stykket «Vestland, Vestland», som tek for seg samanslåinga av Sogn og Fjordane og Hordaland, spurde ho Finn Tokvam om å skrive manus. No er det klart for urpremiere, med etterfølgjande turne i det nye fylket. Stykket er eit samarbeid mellom Teater Vestland og Det Vestnorske Teateret, med Arvid Ones på regi.

– Eg har følgt prøvene og synest det blir ei flott framsyning. Ho er både satirisk og poetisk, lun og med snert. Det håpar vi publikum òg vil synest, seier Kvamme.

Arrangert ekteskap


At manusforfattaren er ein sogning som har budd lengre i Hordaland enn i eige heimfylke, kan vere grunnen til at han har relativt god tru på at samanslåinga kan gå bra.

– Det er jo eit arrangert ekteskap dette, men det kan jo gå bra det og. Kjærleiken kan jo rusta og hatet kan veksa, så å følgje kjærleiken er ikkje alltid rette vegen å gå, seier manusforfattar Finn Tokvam om fylkessamanslåinga.

Speleplan Vestland:

27. august Førdehuset,
28. august Flora samfunnshus,
1. september Måløy, Nordfjordhallen,
3. september Eid, Operahuset,
4. september Førde, Larris Scene,
8. september Høyangerhallen,
9. september Vik, Blixhalli,
10. september Balestrand bygdehus,
12. september Aurland idretts- og samfunnshus, Voss, Gamlekinoen,
16. september Odda kino og kulturscener,
17. september Stord kulturhus,
18. september Bømlo kulturhus,
19. september Kunsthuset Kabuso,
22. september Dale i Fjaler,
29. september Årdal kulturhus,
1. oktober Sogndal kulturhus,
3. oktober Ålhus, Borgja,
6. oktober Værlandet ungdomshus,
7. oktober Holmedal bygdehus,
8. oktober Brekke, Risnehall,
9. oktober Solund, Hardbakke fleirbrukshall,
10. oktober Hyllestad, Åfjorddalen bygdehus,
14. oktober Førdehuset, Storsalen,
16. oktober Stryn kulturhus,
17. oktober Innvik, Styrkhallen,
20. oktober Sandane, Trivselshagen,
22. oktober Kulturhuset Husnes,
23. oktober Skånevik kultur- og idrettshall,
26. okt. – 12. nov Bergen, Logen (Det Vestnorske Teateret)
Vil du motta nyhetsbrev og invitasjoner?
Arrow

Hovedsamarbeidspartnere

SPV
Karmsund havn
Vassbakk & stol
Haugesund sparebank
Haugaland Kraft
Gassco
Dnb
Hatteland
A. Utvik
Sparebank 1 Sør-Norge
Hydro
Eurojuris Haugesund