Let Goliat venta
22.03.2012
Riggen blei råka av brann medan han låg for utrusting ved eit verft i Palermo på Sicilia. Deretter blei riggen, som er eigd av Saipem, taua til Westcon i Ølen for reparasjon, gjenoppbygging, montering av utstyr og ferdigtesting. Hos Westcon har det vore nærast bonanza-stemning med mellom 1500 og 1600 operatørar på det meste i arbeid med riggen.
- Dette har vore vårt klart største oppdrag hittil, seier adm.dir. ved Westcon, Øystein Matre til Stavanger Aftenblad. Han legg til at riggen blei i januar overlevert til Saipem, som nå har ansvaret for det vidare arbeidet med sjøprøvar og testing av instrument og utstyr om bord. Etter det Aftenbladet forstår skal det maritime utstyret, som knyter seg til framdrift, stabilitet og navigasjon vera i orden.
Men Westcon har framleis sine folk om bord til å assistera under testing og utføra anna arbeid. Etter det Aftenbladet forstår blir det nå mellom anna utført malingsarbeid innvendig på det doble skroget.
- Den største utfordringa og arbeidsoppgåva om bord knytte seg til elektro- og instrumentering, seier Øystein Matre. Han legg til at mykje kablar og utstyr måtte fjernast etter brannen. - Når noko blei fjerna og rive bort viste det seg ofte at enda meir måtte fjernast og byggjast opp att, seier Matre, som legg til at utfordringane blei større enn først rekna med.
Les meir her:
http://www.aftenbladet.no/energi/Skandale-riggen-Scarabeo8-lar-Goliat-venta-2946431.html