Løfter fram Haugalandsbonden

25.08.2017
Bøndene inviterer til storsamling i Tysvær mandag kveld for å sette fokus på Haugalandsbonden.
Landbruket er Norges største fastlandsindustri. Nå vil bøndene løfta den norske maten og landbruket meir fram i valkampen og inviterer til ope møte med politisk debatt måndag 28. august, seier Jan Idar Haugen, bonde i Skjold og styremedlem i Rogaland bondelag.

- Her på Haugalandet har me betydeleg sysselsetting og verdiskaping i både landbruket og i fôr- og næringsmiddelindustrien. Haugalandsbonden bidreg med svært mange arbeidsplassar i regionen. Dette vil me setja fokus på, seier Jan Idar Haugen.

Alle bondelaga på Haugalandet inviterer, saman med Rogaland bondelag, til landbrukspolitisk dag måndag 28. august.

- Me vil ta inn verda omkring oss og sjå på kva ein innanlands matproduksjon har å bety for vår forsvars- og beredskapsevne, seier Haugen og legg til at møtet tar opp tema som bør interessera fleire enn dei mest landbruksinteresserte.

Hovudinnlegget for kvelden er ved Dagfinn Torstveit og handlar om trusselvurdering og matvaresikkerheit. Her vert norsk matproduksjon og sjølvberging sett inn i ein global samanheng. Torstveit er bonde i Stokkadalen i Vats, pensjonert politimann, samfunnsengasjert skribent og har vore aktiv politikar.

Møtet blir avslutta med ein politisk debatt mellom ulike stortingskandidatar. Møtet blir opna av Tysvær-ordførar Sigmund Lier og leia av Harald Birkevold, kommentator i Stavanger Aftenblad. Det blir opna for spørsmål frå salen.

 

- Ei suksesshistorie

Fyrste del av dagen vil dei inviterte stortingskandidatar besøka lokale bønder, eit moderne slakterianlegg og ei transportbedrift som transporterer landbruksprodukt. Næringsforeningens leiar skal også væra med på denne turen.

- Me ønskjer at stortingskandidatane skal bli meir kjende med næringa og vite litt meir om norsk mat og norsk landbrukspolitikk, seier Haugen, og legg til at Norsk landbrukspolitikk på mange måtar har vore ei suksesshistorie.

- Ein har lukkast med å ta heile landet i bruk og skaffe forbrukaren trygg og god mat. Andre land ser no til Norge for å læra om den norske landbruksmodellen, seier skjoldbonden.

 

Rein, norsk mat

Norsk landbruk og landbruksbasert næringsmiddelindustri skaper mange arbeidsplasser, totalt over 90 000, og er dermed rekna som landets største fastlandsindustri i følgje Statistisk sentralbyrå.
Vil du motta nyhetsbrev og invitasjoner?
Arrow

Hovedsamarbeidspartnere

SPV
Karmsund havn
Vassbakk & stol
Haugesund sparebank
Haugaland Kraft
Gassco
Dnb
Hatteland
A. Utvik
Sparebank 1 Sør-Norge
Hydro
Eurojuris Haugesund