Må bygge ny Bømlafjord-tunnel

10.10.2019
Den knapt åtte kilometer lange Bømlafjordtunnelen held ikkje mål når det store fergefrie prosjektet langs E 39 er ferdig mellom Stavanger og Bergen står ferdig. (Foto: Veier24.no)
Takler ikke trafikken når Rogfast og Hordfast er på plass
I eit ferskt brev frå Vegdirektoratet til Samferdsledepartementet kjem det fram at tunnelen ikkje vil takla trafikkauken når Rogfast og Hordfast ein gong i framtida blir bompengefri, skriv NRK Hordaland

«Vi bør difor legge opp eit planløp slik at vi har ein oppgradert Bømlafjordtunnel samtidig som Hordfast blir bompengefri» skriv direktoratet i brevet.

Det betyr at det må byggast eit nytt parallelt tunnelløp, eller to heilt nye tunnelar, under Bømlafjorden.

– Ein eller anna gang må det skje. Anten når trafikkauken eller tryggleiksnivået krev det, seier avdelingsdirektør Gyda Grendstad i Vegdirektoratet.

Den nesten åtte kilometer lange undersjøiske tunnelen erstatta tre ferjesamband mellom Stord, Sveio og Bømlo allereie i 2000.

 

 
Vil du motta nyhetsbrev og invitasjoner?
Arrow

Hovedsamarbeidspartnere

SPV
Karmsund havn
Vassbakk & stol
Haugesund sparebank
Haugaland Kraft
Gassco
Dnb
Hatteland
A. Utvik
Sparebank 1 SR-bank
Hydro
Eurojuris Haugesund