Mange vil klatre i Åkrafjorden

10.10.2019
550 personar har prøvt den nyopna Via Ferrata i Åkrafjorden denne sommaren.
Stadig fleire får lyst til å klatre rett opp den bratte fjellsida i Fjæra der utsikta på toppen er til å bli mållaus av, skriv medvind.24.no

Klatreruta er sikra med stigar og bruer, noko som gjer at også dei utan klatreerfaring kan meistre ein fjelltur dei i utgangspunktet ikkje hadde klart.

Robert Melkeraaen som driv Åkrafjorden Nature B&B saman med Laila Sørhus står bak ideen om klatreruta. Melkeraaen er også medeigar i Åkrafjorden Oppleving saman med John Karsten Hustveit og Nina Kaltwasser.

Klatreruta har blitt veldig populær, eg har alltid tenkt at det må kunne gå an å gjere noko med den flotte fjell-veggen. Ruta passar både for dei som ikkje har erfaring, og for dei som klatrar ein del. Me får jo gode tilbakemeldingar frå dei som har klatra mykje, som seier at dette er ei av dei tøffaste rutene i Noreg, fortel Melkeraaen.

Vil du motta nyhetsbrev og invitasjoner?
Arrow

Hovedsamarbeidspartnere

SPV
Karmsund havn
Vassbakk & stol
Haugesund sparebank
Haugaland Kraft
Gassco
Dnb
Hatteland
A. Utvik
Sparebank 1 Sør-Norge
Hydro
Eurojuris Haugesund