Næringslivet vil ha fleire ferjeavgangar

12.12.2013
I eit felles brev ber NHO Hordaland og NHO Rogaland samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen om å utnytta ledig kapasitet ved ferjesambanda Halhjem-Sandvikvåg og Arsvågen-Mortavika.
Ved ferjesambandet Halhjem-Sandvikvåg vil næringslivsorganisasjonane ha avgang kvar halvtime frå klokka 06 til klokka 01.Ved Arsvågen-Mortavika ynskjer dei 20-minuttars frekvens i same tidsrom, skriv Sunnhordland.

NHO viser til at det i fjor vart auka frå fem til seks ferjer på dei to stamvegsambanda, utan at frekvensen har blitt auka. I staden ligg det to ferjer i ro både på nattetid i vekene og i helgane. NHO ønskjer å få desse i trafikk. Dei peikar også på behovet for endå ei ferje i dei to sambanda, fordi det ofte blir sårbart når den eine ferja må ut av drift.

– Våre bedrifter er opptekne av ferjefritt samband mellom våre fylke, men inntil Rogfast og Hordfast er på plass, er det viktig å redusera den konkurranseulempa som periodevis og tidsstyrt stengte transportkorridorar medfører, seier regiondirektør Tom Knutsen i NHO Hordaland.
Vil du motta nyhetsbrev og invitasjoner?
Arrow

Hovedsamarbeidspartnere

SPV
Karmsund havn
Vassbakk & stol
Haugesund sparebank
Haugaland Kraft
Gassco
Dnb
Hatteland
A. Utvik
Sparebank 1 Sør-Norge
Hydro
Eurojuris Haugesund