Næringsprisen til Advantec

29.10.2012
Den sterkt  veksande Stord-bedrifta Advantec blei tildelt Næringsprisen 2012 under årstreffet til Stord Næringsråd denne helga.

Næringsprisen blir delt ut i samarbeid med Sparebanken Vest. Næringsprisen skal bidra til å skapa merksemd rundt næringslivet, og gje honnør til dyktige næringslivsaktørar.

Juryens grunngjeving:

"Advantec har gått frå å vera ei verksemd med få tilsette som var avhengig av ei hjørnesteinsverksemd, til sjølv å bli ei stor verksemd med kundar i ein internasjonal marknad.

Advantec har utvikla eigne produkt, og har bygd eigne produksjons- og kontorfasilitetar med hovudkontor på Stord.

Alt dette i løpet av få år.

Me ser på Advantec som ein betydelig aktør for utviklinga i sin bransje, og som ein stor bidragsytar til nye, spanande arbeidsplassar."

Her er nominasjonsfilmen:

https://vimeo.com/52097900


Vil du motta nyhetsbrev og invitasjoner?
Arrow

Hovedsamarbeidspartnere

SPV
Karmsund havn
Vassbakk & stol
Haugesund sparebank
Haugaland Kraft
Gassco
Dnb
Hatteland
A. Utvik
Sparebank 1 Sør-Norge
Hydro
Eurojuris Haugesund